Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd. Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje. Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Embete som tingrettsdommar ved Bergen tingrett

Det blir ledig eit embete som tingrettsdommar ved Bergen tingrett. Tiltreding hausten 2018. Bergen tingrett har 44 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 100 årsverk. Domstolen er organisert i fire dømmande avdelingar og ein avdeling med saksbehandlarar. Domstolen er lokalisert i Bergen tinghus.

Vi kan tilby

  • Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart 4. år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjorde i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 117 000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2%.

Ytterlegare opplysingar om embeta kan ein få ved å kontakte:

  • Bergen tingrett v/kst.sorenskrivar Arne Langeland, tlf. 55699700.
  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Yngve Svendsen, tlf. 38176300.
  • Domstoladministrasjonen v/ avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73567000.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.