Sivilombodet søkjer etter ein dyktig jurist med leiareigenskapar til stilling som assisterande avdelingssjef i ei av klagesaksavdelingane våre.
Ombodet har i dag tre fagavdelingar for behandling av klagesaker. Avdelingane blir leia av ein avdelingssjef med støtte frå ein assisterande avdelingssjef, og har kvar 10–12 høgt kompetente juridiske saksbehandlarar. Stillinga er mellombels, og er ledig frå 8. november 2023 til 31. desember 2025.
Som assisterande avdelingssjef vil du støtte avdelingssjefen, som har det overordna fag- og personalansvaret for avdelinga. Arbeidsoppgåvene til den assisterande avdelingssjefen omfattar i hovudsak fagleg kvalitetssikring av arbeidet til saksbehandlarane, men det kan òg bli aktuelt med noko førstehands saksbehandling og andre oppgåver som høyrer til avdelinga eller avdelingane i samarbeid. Arbeidet vil òg kunne innebere å leie prosjekt og større undersøkingssaker som ombodet har sett i gang på eige initiativ. Som assisterande avdelingssjef vil du normalt vere avdelingssjefen sin diskusjonspartnar i saker som gjeld avdelinga, både av fagleg og administrativ art. Du vil òg tre inn for avdelingssjefen ved fråvære. Du må rekne med noko føredragsverksemd.
Du vil arbeide ved klagesaksavdeling 2. Denne avdelinga har mellom anna ansvar for saksområda helse- og omsorg, utlendingssaker, barnevern, kriminalomsorg, politi- og påtale og verjemål. Den vi søkjer, må òg vere førebudd på å kunne vareta andre fagområde, anten ved avdeling 2 eller andre fagavdelingar.
Kvalifikasjonskrav
For å vere kvalifisert til stillinga må du ha
- mastergrad i rettsvitskap eller embetseksamen (cand.jur.) med mykje gode resultat
- svært god skriftleg formuleringsevne
- gode leiareigenskapar, inkludert evne til å prioritere ressursbruk og utvikle og motivere kunnskapsmedarbeidarar
- minimum sju års juridisk yrkeserfaring
Ønskte kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har
- interesse for offentleg forvaltning
- evne til å setje deg raskt inn i eit breitt spektrum av juridiske område
- erfaring frå kvalitetssikring av andre sitt arbeid
- kunnskap om delar av fagfeltet til avdelinga
Personlege eigenskapar
- evne til å motivere og utvikle andre
- god arbeidskapasitet og evne til å jobbe strukturert og nøyaktig
- gode samarbeidsevner
- gode formidlingsevner
Vi legg vekt på at den vi ser etter, skal vere personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr:
- lønn kr 1 019 900 i stillingskode 1217 «underdirektør», med arbeidstittel «assisterande avdelingssjef»
- eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard
- ordna og fleksible arbeidsforhold i tråd med arbeidstidsordningar osv. i staten
- medlemsskap i Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % av lønna)
Om søknadsprosessen
For å søkje på stillinga kan du bruke lenkja «Søk her» på denne sida.
Dersom du treng hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Jobbnorge på [email protected] eller telefon +47 75 54 22 20.
Som vedlegg til søknaden skal du leggje ved vitnemål og/eller karakterutskrift som til saman dekkjer alle eksamensresultat frå jusstudiet, i tillegg til eventuelle attestar. For søkjarar som får innkalling til intervju, kan det hende vi krev elektronisk tilgang til vitnemål/karakterutskrift gjennom Vitnemålsportalen.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må du i så fall grunngi. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Du kan få nærare opplysingar om stillinga ved å kontakte avdelingssjef Joakim Øren på telefon +47 22 82 85 00