Stilling som domarfullmektig (100%) ved Haugaland og Sunnhordland tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-02-18

Haugaland og Sunnhordland tingrett er ein fullfagleg domstol som behandlar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker samt utfører oppgåver som Notarius Publicus.

Tingretten blir leia av sorenskrivaren og har 30 tilsette. Tingretten har rettsstad i Haugesund og i Leirvik.

 Stillingane som domarfullmektig har kontorplass i Haugesund, men det kan bli aktuelt å avvikle saker på Stord.

Arbeidsoppgåver

Som domarfullmektig vil du ha ein hektisk og krevande kvardag med varierte oppgåver innan dei fleste sakene som vert handsama i domstolen. 

Kvalifikasjonskrav

  • Master i rettsvitenskap, gode faglege kvalifikasjonar og engasjement 
  • Det er ønskjeleg med eit par års erfaring med praktisk, juridisk arbeid
  • Godt humør, gode samarbeidsevner og evne til å jobbe under tidspress
  • Gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
  • Vidare søkjer vi etter deg som arbeider effektivt, er nøyaktig og fleksibel
  • Det er ønskjeleg med interesse og kunnskap innan IKT 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som er engasjerte, målretta og opptekne av å skape gode resultat
  • Stilling som domarfullmektig inneber utfordrande arbeidsoppgåver på ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Tilsetjingsvilkår og lønn på gjeldande vilkår

Om stillinga

  • Den som blir tilsett, må leggja fram politiattest.
  • Krav om norsk statsborgarskap, jf. domstolloven § 53
  • Prøvetid på 6 månader
  • Tilsetting etter avtale
  • Nærare opplysingar om stillinga kan ein få på telefon 52701400. Kontaktperson er sorenskrivar Tine Odland
  • Attestar/vitnemål og opplysningar om referansar vert å vedlegge søknaden

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Spørsmål om stillinga

  • Tine Odland
    Sorenskriver
    Telefon: 52701461