Dommarfullmektig – Møre og Romsdal tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-08-20

Møre og Romsdal tingrett har fire likestilte rettsstadar, i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Domstolen vert leia av domstolleiar og har i tillegg nestleiar, administrasjonssjef og stilling som seksjonssjef.  Domstolen har totalt 46 stillingar, derav 20 dommarstillingar og 6 av dei er stilling som dommarfullmektig.

Møre og Romsdal tingrett har ledig stilling som dommarfullmektig med kontorplass i Kristiansund, men ein må rekne med noko reising til andre rettsstadar. Rettsstaden har fire dommarstillingar og fire stillingar som saksbehandlar. Tiltreding etter nærmare avtale.

Vi søker etter ein jurist med gode faglege kvalifikasjonar. Det er vidare eit ynskje om relevant arbeidserfaring. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert. Det er naudsynt med god evne til skriftleg framstilling.

For tilsetting er det krav om framlegging av vitnemål og politiattest.

Vi tilbyr

Vilkår for tilsetting etter Hovudtariffavtalen i staten, med startlønn på kroner 502 900 pr. år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk, jf. Dommarfullmektigavtalen.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål til stillinga, kan du kontakte

  • sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf. 930 37 227.

Generell informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no

Det vert utarbeida offentleg søkarliste. I medhald av offentleglova § 25 andre ledd er det høve til å søke seg unntatt frå søkarlista.

Søknad sendes vi knappen "søk her" innan 20. august 2021.