Dommarfullmektig Nord-Gudbrandsdal og Sør-Gudbrandsdal tingretter

Ved Nord-Gudbrandsdal tingrett (Vågå) og Sør-Gudbrandsdal tingrett (Lillehammer)blir det ledig ei stilling som dommarfullmektig med kontorstad i Vågå 15.september 2019.

Tiltreding etter nærare avtale.

Dei to domstolane blir leia av ein felles sorenskrivar. Til saman har domstolane to tingrettsdommarar, to dommarfullmektigarar og åtte saksbehandlarar. Ein tingrettsdommar og ein dommarfullmektig har kontorstad i Vågå, saman med 2,5 saksbehandlarar. Ein må rekne med noko reiseverksemd mellom tingrettane.

Domstolen har full fagkrins med stor variasjon av så vel sivile saker som straffesaker.

Tilsetjing og løn etter gjeldande dommarfullmektigavtale og Hovedtariffavtalene i staten, samt at ein må leggje fram politiattest.

For nærare opplysningar om stillinga kan sorenskrivar Elisabeth B. Løvold kontaktast på telefon 61238310/61022900.

Søknad med CV blir å sende innan 12. juli 2019 til Nord-Gudbrandsdal tingrett, postboks 85, 2684 Vågå, eller elektronisk.