Dommarfullmektig ved Møre og Romsdal tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-11-02

Møre og Romsdal tingrett er ein domstol som dømmer i første rettsinstans og har fire likestilte rettsstadar, i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Domstolen vert leia av sorenskrivar, som er domstolleiar. Leiargruppa utgjer nestleiar, administrasjonssjef, seksjonssjef, i tillegg til sorenskrivar. Domstolen har totalt 46 stillingsheimlar, der 20 er dommarstillingar og 6 av dei er stilling som dommarfullmektig.

Møre og Romsdal tingrett har ledig stilling som dommarfullmektig med kontorplass i Molde men ein må rekne med noko reising til andre rettsstadar. Rettsstaden har tre dommarstillingar, ei stilling som dommerfullmektig og fem stillingar som saksbehandlar.
Meir informasjon om domstolen finn du på www.domstol.no.

Kontorstad er i Molde.

Om stillinga

  • Vi søker etter ein jurist med gode faglege kvalifikasjonar.
  • Det er vidare eit ynskje om relevant arbeidserfaring.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert. Det er naudsynt med god evne til skriftleg framstilling.
  • For tilsetting er det krav om framlegging av vitnemål og politiattest.
  • Tilstreding etter nærmare avtale.

Vi tilbyr

Vilkår for tilsetting etter Hovudtariffavtalen i staten, med startlønn på kroner 502 900 pr. år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk, jf. Dommarfullmektigavtalen.

Spørsmål om stillinga

Dersom du har spørsmål til stillinga, kan du kontakte nestleiar Øyvind Panzer Iversen, tlf. 948 99 939.

Det vert utarbeida offentleg søkarliste. I medhald av offentleglova § 25 andre ledd er det høve til å søke seg unntatt frå søkarlista.