Det er ledig stilling som felles dommarfullmektig ved Vest-Telemark tingrett og Aust-Telemark tingrett. Stillingen vil ha fast kontorstad i Kviteseid.
Dommarfullmektigen får utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Vi søkjer ein medarbeidar med gode faglege kvalifikasjonar som kan arbeide sjølvstendig og tidvis under tidspress. God skriftleg og muntleg framstillingsevne er naudsynt i stillinga.
Stillinga er tidsavgrensa til to år.
Generelt
Tilsetting så snart som mogleg etter 01.04.2021.
Tilsetting skjer på vanlege vilkår. Den som vert tilsett må samtykkje i at uttømmande politiattest blir henta inn.
Vest-Telemark tingrett er hjelpsam med å skaffe bustad.
Søknad vedlagt CV med kopi av attestar/vitnemål må sendast elektronisk via link på denne sida.
Søknadsfrist: 15.02.2021
Spørsmål om stillinga
Om du har spørsmål om stillinga og domstolane, kan du kontakte sorenskrivar Dag Bjørvik eller dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem på tlf. 35 06 84 50.