Dommarfullmektigar ved Hordaland tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-03-05

Vi har ledige stillingar som dommarfullmektig. Tilsetjing til hausten 2024 eller etter avtale. Kontorstaden for dommarfullmektigane vil vere i Bergen. Vi nyttar i stor utstrekning fjernmøter via video, også ved avvikling av rettsmøter. Det må likevel påreknast at det kan verte aktuelt med teneste på alle rettsstadane i rettskrinsen.

I stillinga som dommarfullmektig tilbyr vi faglege utfordringar, variasjon i sakstypar og kollegaer som samarbeider godt. Vi legg stor vekt på høg kvalitet og effektivitet i arbeidet vårt, i tillegg til god service til brukararar av tenestene til domstolen. Stillinga opnar for fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer medarbeidarar med gode faglege kvalifikasjonar. Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur. eller master i rettsvitskap, slik det er fastsatt i domstolloven § 54 tredje ledd. Relevant arbeidsrøynsle er ein føremon. Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert, i tillegg til å vere engasjert og reflektert. Gode evner til munnleg og skriftleg framstilling er naudsynt i stillinga.

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar om å søkje stillinga, utan omsyn til alder, kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Generelle opplysingar

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år. Tilsetjingsvilkår og løn etter hovudtariffavtalane i staten, frå kr 555 600/560 000 per år. Lønsutvikling i stillinga etter tenestetid og avtaleverk.

Dersom du har spørsmål om stillingane og domstolen, ta kontakt med avdelingsleiar Karstein Rye, tlf. 55 69 97 32 eller avdelingsleiar Marianne Bergflødt, tlf. 55 69 97 23. Generelle opplysningar om domstolen finn du på Hordaland tingrett si heimeside

Offentleg søkjarliste

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Vi viser til offentleglova § 25 andre ledd som gjer det mogleg å bli teken ut frå søkjarlista. For alle dommarfullmektigar blir det innhenta politiattest.

Send søknad saman med attestar og vitnemål gjennom (www.jobbnorge.no).

Søknadsfrist: 03.03.24

Om oss

Hordaland tingrett har 40 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 88 årsverk. Hordaland tingrett har to fast bemanna rettsstadar, rettsstad Bergen i Bergen tinghus og rettsstad Lofthus med rettslokale i Odda, Lofthus og Norheimsund.

Dei dømmande oppgåvene til domstolen er i hovudsak å avgjera straffesaker og å løysa sivile tvistar.

Hordaland tingrett omfattar kommunane, Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Øygarden og Voss herad. Hordaland tingrett er den nest største tingretten i Noreg.