Sunnmøre tingrett er ein moderne og utviklingsorientert domstol som i stor grad arbeider digitalt. Vår domstol er ein av satsingsdomstolane for prosjektet «Digitale Domstoler 2017-2022» med mål om full-digitale løysingar og arbeidsmåtar. Domstolen blir leia av sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset og har 20 tilsette. Kontorstad er på Skansekaia i Ålesund.

Dommerfullmektig ved Sunnmøre tingrett

Det er ledig ei stilling som dommarfullmektig, og eventuelt et vikariat som dommarfullmektig,  med tiltreding etter nærare avtale.

Spørsmål om stillinga eller domstolen kan rettast til

  • sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset på telefon 70 33 47 00.

Opplysningar om domstolen finn du på www.domstol.no

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap, jf domstollova §54, med gode kvalifikasjoner.
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel.
  • Politiattest må leggast fram.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med stor vekt på fagleg utvikling.
  • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde.
  • Vilkår etter gjeldande dommarfullmektigavtale.

Søknad med spesifisert CV leveres elektronisk i rekrutteringsportalen www.jobbnorge.no

Søknadsfrist: 15. april 2019

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Det blir i den samanheng vist til offentlegheitslova § 25 andre ledd med moglegheit til å bli unntatt frå søkjarlista. Personopplysningar gitt i søknad og CV til stillinga, blir handsama i samsvar med lova om behandling av personopplysningar.

Tingretten legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet og oppmodar kvalifiserte  kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsevne.