Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd. Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Ved utnemninga vil det bli lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner blir oppmoda om å søkje. Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.

Eit embete som lagmann og eit, eventuelt to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett

Det blir ledig eit embete som lagmann og eit, eventuelt to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett. Tiltreding etter nærare avtale.

Domstolen blir leia av ein førstelagmann og har elles fire lagmenn, 26 lagdommarar ein jordskiftelagdommar og åtte utgreiarar. Administrasjonen har 21 tilsette og blir leia av ein direktør. Lagmannsretten er organisert i to dommaravdelingar, sekretariat, utgreiareining og fellestenester. Domstolen har lokale sentralt i Bergen.

Til embetet som lagmann vil det bli lagt administrative oppgåver.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa, f eks samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føra til bortfall av administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen syner vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna for lagmann er per i dag kr. 1 286 000,-.

Lønna for lagdommar er per i dag kr. 1 206 000,-

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Ytterlegare opplysningar om embeta kan ein få ved å kontakte:

  • Gulating lagmannsrett v/førstelagmann Magni Elsheim, tlf. 55 69 39 53/ 988 28 764.
  • Innstillingsrådet v/lagdommar Tonje Fisknes, tlf. 77 66 00 45.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 6. mai 2019