Det blir ledig eit embete som avdelingsleiar/tingrettsdommar ved Hordaland tingrett. Tiltreding etter nærmare avtale.
Tingretten er lokalisert på rettsstadene Bergen og Lofthus.
Kontorstad for stillinga vil vere ved rettsstaden Bergen. Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.
Hordaland tingrett har i dag til saman 40 dømande årsverk og ei samla bemanning på 89 årsverk.
Avdelingsleiaren/dommaren er leiar for ein av Hordaland tingretts rettsavdelingar som behandlar tvistesaker, straffesaker, tvangsfullføring og konkurs (avd. 1). Avdelinga har ei bemanning på 11 dommarar.
Det vert lagt vekt på engasjement og ferdigheiter i høve til leiaroppgåver og utviklingsarbeid. Avdelingsleiaren/dommaren er en del av leiargruppa i Hordaland tingrett.
Kvalifikasjonskrav
- Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur. eller master i rettsvitskap.
- Søkjarar må vere norske statsborgarar.
- For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
- Stillinga krev høg fagleg kompetanse, analytiske evner og høg integritet.
- Du må vere personleg eigna og ha relevant arbeidserfaring.
Dommarane må opptre uavhengig av partane og kunne ivareta domstolane si konstitusjonelle uavhengigheit, ha ei tillitvekkande framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukarane av domstolen.
Andre personlege eigenskapar
- Godt juridisk skjønn
- Arbeide sjølvstendig og vere i stand til å ta vanskelege avgjerder
- Kommunisere godt skriftleg og munnleg
- God evne til samarbeid
- God gjennomføringsevne
- Fleksibel og ha høg arbeidskapasitet
- God rolleforståing
Vi tilbyr
- Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
- Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- Moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Lønn for stilling som avdelingsleiar er per i dag kr. 1 421 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Hordaland tingrett v/sorenskrivar Håkon Rastum, tlf. 55 69 99 10.
- Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 18.
- Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
Andre opplysningar
Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.
Den som blir utnevnt må uten erstatning finne seg i de endringene som måtte bli gjort i domstolenes forretningskrets og organisering, f.eks. sammenslåing med andre domstoler. Omorganisering kan føre til bortfall av lederansvar, administrative oppgaver, endring av tittel og/eller nytt kontorsted.
Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25.
Ved å søke på stillingar i www.jobborge.no, samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkarlista.
Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.