Embete som tingrettsdommar ved Bergen tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2020-01-13
Gjennom den selvstendige stillingen og den høye faglige kvaliteten er domstolene samfunnets fremste konfliktsløsningsorganer. Domstolene bidrar til vern av den enkeltes rettigheter. Et viktig mål for domstolene er å skape tillit i befolkningen ved forsvarlig, upartisk og effektiv dømmende virksomhet. Dommerarbeidet stiller strenge krav til faglig dyktighet, personlig egnethet og bred yrkes- og livserfaring. Det er et sentralt personalpolitisk mål at de ansatte i domstolene skal ha en variert erfaringsbakgrunn og gjenspeile befolkningssammensetningen generelt - både når det gjelder kjønn og kulturelt mangfold. Innstillingsrådet for dommere avgir innstilling om dommerutnevnelser til Kongen i statsråd, hvor utnevning skjer.

Det blir ledig eit embete som tingrettsdommar ved Bergen tingrett. Tiltreding etter nærare avtale. Bergen tingrett har 44 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 100 årsverk. Domstolen er organisert i fire dømmande avdelingar og ein avdeling med saksbehandlarar. Domstolen held til i Bergen tinghus.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1.148.000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Bergen tingrett v/domstolleiar Arne Henriksen, tlf. 55 69 97 00.
  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 13. januar 2020