Embete som tingrettsdommar ved Romsdal tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2020-10-13

Det blir ledig eit embete som tingrettsdommar ved Romsdal tingrett. Tiltreding etter nærare avtale. Domstolen blir leia av ein sorenskrivar og har elles to tingrettsdommarar, ein dommarfullmektig og 4,6 saksbehandlarårsverk. Domstolen held til i Fylkeshuset i Molde.

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 185 000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Romsdal tingrett v/domstolleiar Svein Eikrem, tlf. 95 70 50 00.
  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 13. oktober 2020