Fag- og opplæringsansvarleg hos Namsfogden i Ålesund

Arbeidsgiver:
Møre og Romsdal politidistrikt
Søknadsfrist:
2022-08-15

Namsfogden i Ålesund har ledig ei fast stilling som fag- og opplæringsansvarleg (jurist) i stillingskode 1434 rådgivar /1364 seniorrådgivar.

Namsfogden i Ålesund har ansvar for namsmannsoppgåver (utlegg, utkasting, tvangssal m.m.), stemnevitne, forliksråd og gjeldsordning for kommunane Ålesund, Giske, Sula og Fjord. Eininga har også fagansvar for sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt og skal yte fagleg støtte og gi føringar for god fagleg standard. Namsfogden i Ålesund har 13 tilsette med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Stillinga har arbeidsstad på politihuset i Ålesund. Noko reiseverksemd må påreknast.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for opplæring og utvikling av fag og metode innan sivil rettspleie i distriktet
  • Ansvar for gjennomføring av kompetansehevande tiltak internt og eksternt
  • Delta i aktuelle fagnettverk nasjonalt og lokalt
  • Syte for implementering av god praksis og følgje opp sentrale krav og føringar
  • Foreslå, utarbeide og kvalitetssikre instruksverk
  • Arbeid med høyringsuttalelsar innan sivil rettspleie
  • Ansvar for eininga sitt førebyggande arbeid innan sivil rettspleie
  • Juridisk utgreiing innan fagområdet
  • Yte fagleg rettleiing internt i organisasjonen
  • Noko sakshandsaming innanfor eit eller fleire av eininga sine saksområde kan bli aktuelt

Vi søkjer etter ein motivert og framoverlent fagperson med interesse for sivil rettspleie og førebyggande arbeid, og som trivst med utviklingsarbeid, rettleiing og opplæring.

Du kan arbeide sjølvstendig og evner å sette retning, prioritere og styre din egen arbeidskvardag. Du kan og likar å setje deg inn i nye juridiske problemstillingar for å kunne rettleie kollega eller andre på ein pedagogisk måte. Du bør vere komfortabel med å ta eller føre ordet i faglege forsamlingar. Din motivasjon, forståing for namsmannens og stillinga si rolle og om du er personleg eigna er viktige eigenskapar vi ser etter.

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i rettsvitskap (el. Cand. Jur).
  • Beherske bruk av IT som arbeidsverktøy
  • Økonomisk vederheftighet
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet
  • Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Økonomisk kompetanse/forståing
  • Erfaring frå førebyggande arbeid
  • Erfaring frå arbeid med fag- og metodeutvikling
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring med kurs- og foredragsverksemd
  • Erfaring frå arbeid innan sivil rettspleie i politiet og/eller offentleg forvalting og sakshandsaming
  • Innsikt i eller erfaring frå arbeid med økonomisk rettleiing
  • Utdanning/spesialkurs innan sivil rettspleie
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert for oppgåvene som ligg til stillinga og for å arbeide innan den sivile rettspleia og i politiet
  • Du kan og vil fordjupe deg i nye faglege problemstillingar, og kan og vil rettleie og dele kunnskap med andre
  • Du kan ta ordet og føre an i forsamlingar i faglege samanhengar
  • Du kan og vil bygge nettverk både internt og eksternt
  • Du har forståing for namsmannens rolle i samfunnet og førebyggande arbeid
  • Du har god regelverksforståing
  • Du er sjølvstendig og initiativrik med god evne til å prioritere
  • Du er avgjerdsfør, effektiv og nøyaktig
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og du er serviceinnstilt
  • Du kan bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Jobb hos Namsfogden i Ålesund krev at du er økonomisk vederheftig. Om du vert innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta.

Ein må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Stillinga må søkjast på elektronisk – via knappen "Søk her". Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju. Ver vennleg å skriv i søknaden kor du først såg stillingsannonsa.

Søknad med CV, vitnemål og attester sendes elektronisk via link på denne siden "Søk her".

Vil tilbyr:

  • Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme framtida innan sivil rettspleie
  • Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) - løn frå 580 000-615 000 (ltr 63-66)
  • For særskilt kvalifiserte, seniorrådgivar (stillingskode 1364) løn frå 604 00-636 700 (ltr 65-68)
  • Endeleg plassering av løn og normering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
  • Tilsetjing etter gjeldande regelverk, lov om statens tilsette, personalreglement mv.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det vert trekt to prosent av løna til SPK.
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
  • Fleksibel arbeidstid med høve til trening i arbeidstida.

Generelle opplysingar

Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av 12 politidistrikt i Noreg og vi dekkjer heile Møre og Romsdal fylke. Vi jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som inneber å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ei styrkje. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg kan vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hòl i CV en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det sett opp ei offentleg søkjarliste. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å henvende seg til namsfogd Thomas Hammervold på telefon 47600134