Er du jurist med interesse for kultur?

Fagdirektør for juridiske saker

Arbeidsgiver:
Kultur- og likestillingsdepartementet
Søknadsfrist:
2022-01-31

Kultur- og likestillingsdepartementet har ledig stilling som fagdirektør for juridiske saker i Kulturvernavdelinga. Avdelinga er i gang med store lovprosjekt.

Arbeidet med utgreiing av ei ny boklov er starta opp og framlegg til ny arkivlov har vore på høyring.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg leiing eller rettleiing av sentrale lovarbeid i avdelinga.
  • Sjølvstendig ansvar for å utvikle, samordne og bidra til det juridiske arbeidet i avdelinga.
  • Samarbeid på tvers med andre avdelingar og med andre departement om juridiske saker.
  • Gi råd og innspel til avdelingsleiinga.

Fagdirektøren rapporterer til avdelingsdirektøren i seksjonen. Den tilsette får eit særskilt fagansvar og må ha evne og vilje til å bidra til heilskapleg utvikling av det juridiske arbeidet i avdelinga og departementet. Fagdirektøren fungere både som rettleiar og rådgivar i avdelinga, og har et koordineringsansvar.

Kvalifikasjonar

Som fagdirektør må du vere sjølvstendig, handlekraftig og løysingsorientert. Du må kunne tenkje analytisk og kunne utvikle avdelinga sine fagfelt i samarbeid med andre. Stillinga krev at du arbeider ryddig og strukturert administrativt, og du bør ha kjennskap til rolla som saksbehandlar i eit departement.

Vi søkjer deg som

  • har mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen med gode resultat
  • har erfaring frå lov- og forskriftsarbeid
  • har svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer ein fagdirektør som

  • er ein lagspelar med gode samarbeidsevner, fleksibilitet, og som evnar å leie større prosjekt
  • har godt humør, engasjement og motivasjon for arbeidet
  • har gode evner til å organisere arbeid, sørgjer for framdrift og gode leveransar til rett tid
  • er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne.

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for å bidra til at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Vi tilbyr

Kultur- og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Hos oss får du brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Løna som fagdirektør er frå 720 000 - 870 000 i året, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen.  

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine. 

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med

  • avdelingsdirektør Ellen Knutsen på tlf. 918 87 014 eller e-post,
  • eller avdelingsdirektør Constance Ursin på tlf.  957 07 666 eller e-post.

Om avdelinga og seksjonen

Avdelinga er samansett av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, innførsel og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta. Det femner mellom anna om forvaltinga av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.

Stillinga er plassert i seksjonen KV1. Seksjonen har blant anna ansvaret for arbeidet med boklov, for arkivlova, pliktavleveringslova, språklova, stadnamnlova, og reglar om innførsel og utførsel av kulturgjenstandar. Den som blir tilsett må rekne med å få juridiske oppåver frå andre delar av avdelinga sine ansvarsområder.