Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Fagleiar arbeidslivskriminalitet

Anskaffingsavdelinga er i sterk utvikling og har det siste året bygget opp ei avdeling med solid kompetanse. Våre tenester er etterspurde og vi har behov for å rekruttere fleire dyktige personar som vil vere med på ei spennande reise. 

Anskaffingsavdelinga har det overordna ansvar for alle anskaffingar som blir gjennomført i Forsvarsbygg, med tilhøyrande strategiar, prosedyrar, instruksar og malverk.

I tillegg til å vareta forsvarleg forvaltning i anskaffingsprosessane og kontraktsgjennomføringa skal avdelinga vere en pådrivar for «betre anskaffingar» gjennom meir effektiv samhandling, forbetre prosessar, strategisk innkjøpsleiing, utvikling av metodeverk og meir strategisk tilnærming til leverandørmarkedet på tvers av Forsvarsbygg sine einingar. Avdelinga skal arbeide aktivt for at Forsvarsbygg bruker beste praksis metodeverk innanfor anskaffingsfaget, og det skal leggast til rette for fagleg samarbeid med sammenlignbare byggherreorganisasjonar og øvrege einingar i Forsvarssektoren. Avdelinga har eit sjølvstendig ansvar for å bidra til Forsvarsbygg si gevinstrealisering og skal ivareta heilskap og samanheng mellom anskaffingane som gjennomførast i Forsvarsbygg sine ulike avdelingar og regionar.

Seksjonen compliance og prosess bistår anskaffingsavdelinga med styring og utvikling av avdelinga, samt videreutvikling av Forsvarsbygg sitt anskaffingsarbeid. Seksjonen har også fagansvaret for sikkerhetsgraderte anskaffingar og førebygging av arbeidslivskriminalitet. Stillinga vil ha sine oppgåver innanfor heile avdelingena si virkeområde, men med særskilt vekt på førebygging av arbeidslivskriminalitet.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetslovens § 25. 

Les meir om Forsvarsbygg her

Arbeidsoppgåver

  • Fagleiar skal bidra til å utvikle strategi og føringar for førebygging av arbeidslivskriminalitet for Forsvarsbygg
  • Fagleiar skal implementere strategiar og føringar, analysere og følge opp resultatar
  • Fagleiar vil lede internt fagfora
  • Opplæring, rådgiving og bistand
  • Evaluering og gransking
  • Samarbeid med eksterne fagmiljø og andre etatar
  • Reisevirksomhet må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, hovedfag/mastergrad
  • Relevant erfaring kan etter særskild vurdering kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå fagområdet
  • God kunnskap om og erfaring med risikobasert analysemetodikk er ønskeleg
  • God kjennskap om relevant regelverk 
  • Må kunne bli tryggingsklarert opp til nivå Hemmeleg/Nato Secret 

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik og har god evne til gjennomføring
  • Du er analytisk, strukturert og påliteleg
  • Du er relasjons- og samarbeidsorientert
  • Du har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar eller seniorrådgivar kode 1434/1364 iht Statens lønnsregulativ fra ltr 65, kr 583 900 til ltr 80, kr 813 400 avhengig av erfaring
  • For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar

Kontakt

  • Seksjonssjef Astrid Hillestad, tlf 92200420, eller epost.

Om oss

Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.