Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 230 tilsette. Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd. Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Jordskiftedommar ved Sunnmøre jordskifterett

Sunnmøre jordskifterett femner om kommunane Haram, Giske, Ålesund, Skodje, Herøy, Ulstein, Sula, Ørskog, Hareid, Sykkylven, Stordal, Sande, Ørsta, Norddal, Vanylven, Volda og Stranda. Domstolen har kontorstad i Ørsta, og det er for tida åtte tilsette. 

Det blir ledig ein konstitusjon som jordskiftedommar ved Sunnmøre jordskifterett. Konstitusjonen har ein varigheit på eitt år, med muligheit for forlenging. Tiltreding etter nærare avtale.

For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen. Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.

Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjorde i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker utanfor eige sokn.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no/www.domstol.no/innstillingsradet. 

Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 830 200,-

Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjaren må ha førarkort for bil.

Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Innstillingsrådet for dommere v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00,
  • Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00,
  • eller til kst.jordskifterettsleiar Bjørn Inge Taklo, Sunnmøre jordskifterett, tlf. 70 04 81 80.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på «Søk her». Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist: 24. oktober 2018