Vil du bli jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2022-12-12

Det blir ledig eit embete som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet  jordskifterett. Tiltreding er etter nærare avtale.

Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadane Lillehammer, Fagernes og Vågåmo.

Kontorstad for stillinga vil vere ved rettsstaden Vågåmo. Dersom ein intern søkar vert utnemnd, kan det bli eit ledig embete med anna kontorstad i rettskretsen. Søkarane vert derfor oppmoda til å opplyse om dommarembete ved anna kontorstad kan vere av interesse.

Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadane i rettskretsen.

Domstolen har i dag til saman seks dømande årsverk og ei samla bemanning på 17,3 årsverk.

Kvalifikasjonskrav

  • For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen
  • Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt
  • I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har

Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjorde i forretningskretsen og organiseringa av domstolen, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar og administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Søkarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Vi kan tilby

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 921 900,-.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjaren må ha førarkort for bil.

Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Vestre Innlandet jordskifterett v/jordskifterettsleiar Britt Rusten, tlf. 61 99 15 00/90 96 23 84
  • Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
  • Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no/www.domstol.no/innstillingsradet.  

Søknadsfrist: 12. desember 2022