Jordskiftedommarfullmektig

Indre Hordaland og Nord-og Midhordland jordskifterett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-02-05

Ved Indre Hordaland jordskifterett og Nord- og Midhordland jordskifterett er det ledig ei stilling som jordskiftedommarfullmektig. 

Tiltredning frå 1. april 2021.

Indre Hordaland jordskifterett er i dag er lokalisert på Voss og Nord- og Midhordland jordskifterett er lokalisert i Bergen.

Noregs domstolar er i utvikling. Stortinget har gitt si tilslutning til ei monaleg endring i organiseringa av domstolane. Dei to rettskrinsane Indre Hordaland jordskifterett og Nord- og Midhordland jordskifterett skal bli til ein rettskrins, Hordaland jordskifterett. Dagens rettsstader på Voss og i Bergen skal vidareførast.

I den nye rettskrinsen inngår kommunane Fedje, Øygarden, Austrheim, Alver, Masfjorden, Modalen, Vaksdal, Osterøy, Askøy, Samnanger, Kvam, Bjørnafjorden, Austevoll, Bergen, Voss, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. 

Til saman er det 6 dømmande årsverk og ei samla bemanning på 14 årsverk.

Om stillinga

Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker som er heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar og bruksrettar, klarlegging av rettstilhøve til fast eigedom og skjønn. Sjå www.jordskifte.no for ytterlegare opplysningar.

Me søker ein medarbeidar som skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg. Kvalifiserte kandidatar vert oppfordra til å søke uavhengig av alder, kjønn og etnisitet.

Stillinga er tidsavgrensa for tre år med høve til forlenging i eitt år. Stillinga er ei opplæringsstilling, og skal gi deg relevant kompetanse og eit godt grunnlag for å søke stilling som jordskiftedommar seinare. Det er utarbeidd ein opplæringsplan, og det er eit mål at du som jordskiftedommarfullmektig raskt kan få fullmakt til å styre saker som jordskiftedommar.

Kontorstaden for jordskiftedommarfullmektigen vil vere i Bergen ev. Voss etter avtale med domstolleiar. Du må vere open for å arbeide ved begge rettsstadene.

Arbeidsoppgåver

Me tilbyr allsidige og krevjande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Stillinga skal først og fremst bidra til å gi deg innsikt i og kompetanse til å kunne utøve dommarrolla, men du vil også få innføring i teknisk saksførebuande arbeid. Du vil få engasjerte kollegaer, og bli ein del av eit mangfaldig arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha jordskiftefagleg utdanning på masternivå. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Me legg vekt på god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du bør vera løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner. Samstundes er det ein fordel at du er sjølvstendig og har evne til å jobbe målretta. Serviceinnstilling og evne til å opptre upartisk og kontaktskapande i møte med partane er også viktig.

Me tilbyr

Me tilbyr ein spanande og variert jobb i eit godt fagleg og sosialt miljø. Stillinga blir løna etter Hovedtariffavtalane i Staten, stillingskode 1551, Jordskiftedommarfullmektig, iht. kvalifikasjonar. Ved fullmakt til å styre eigne saker, aukar årsløna med kr 40.000,-. Frå løna går to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Stillinga vil medføre reiseverksemd, og du må ha førarkort for bil. På tenestereiser blir det gitt skyss- og kostgodtgjering etter Staten sitt regulativ.

Spørsmål om stillinga?

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Søk stillinga som jordskiftedommarfullmektig

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål legg du ved samla i eitt vedlegg.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysingar om deg. Opplysingane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysingane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysingar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.

Søknadsfrist: 5. februar 2021