Juridisk rådgjevar

Arbeidsgiver:
Vestland fylkeskommune
Søknadsfrist:
2020-08-16

Den som vert tilsett skal yte juridisk rådgjeving til einingar i fylkeskommunen som har behov for dette. Seksjonen har eit særskilt ansvar for eigarskapsoppfølging.

Innehavaren av stillinga rapporterer til seksjonssjef for juridiske tenester.      

Arbeidsoppgåver

  • Juridisk rådgjeving til den administrative leiinga og ulike einingar i fylkeskommunen innan m.a. desse fagfelta:
    • Selskapsrett
    • Stiftingsrett
    • Forvaltningsrett
    • Akvakulturrett
    • Kulturminnerett
  • Førebu saker til handsaming i folkevalde organ

Kvalifikasjonskrav

  • Master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik
  • Kvalitetsbevisst
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Kontakt

  • Jan Erik Weinbach, seniorrådgjevar, tlf 40408981

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.