Kommunalavdelingen har ansvaret for å følge opp regjeringens kommunepolitikk. Avdelingens ansvarsområder omfatter kommuneøkonomi, samordning av statlige tiltak overfor kommunene og fylkeskommunene, innovasjons- og forenklingsarbeidet rettet mot kommunesektoren, kommunereformen, kommunalrett, kommune- og fylkesinndeling, administrasjon av valg, partiloven og partifinansieringen, konsultasjoner mellom staten og kommunesektoren, KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Det tekniske beregningsutvalg, Valgdirektoratet og Kommunalbanken AS.

Vil du påverke dei juridiske rammene for kommunesektoren?

Juridisk seksjon i kommunalavdelinga har 10 medarbeidarar med høg kompetanse. Vi jobbar med aktuelle juridiske problemstillingar, som står høgt på den politiske dagsordenen.

Vi har ledig to faste stillingar for dyktige og engasjerte juristar (rådgivarar/seniorrådgivarar).

Seksjonen arbeidar for å gi kommunesektoren gode juridiske rammer.  Arbeidsområdet spenner breitt og dekker mellom anna kommunalrett, generell og spesiell forvaltingsrett, EØS-rett og selskapsrett. Forvalting og vidareutvikling av kommunelova, lov om interkommunale selskap, forsøkslova og inndelingslova står sentralt. Vi har ansvar for dei juridiske sidane ved kommune- og regionreforma.

Kommunalavdelinga samordnar regjeringas politikk retta mot kommunar og fylkeskommunar. For juridisk seksjon inneber dette at vi samarbeidar tett med andre departement om utforming av lover og forskrifter som har konsekvensar for kommunar og fylkeskommunar.  

I tillegg har juridisk seksjon ansvaret for det internasjonale arbeidet i kommunalavdelinga.

I kommunalavdelinga samarbeidar vi på tvers av seksjonar, avdelingar og departement for å sikre at vi løyser oppgåvene på best mogleg måte. Avdelinga har omfattande oppgåver og arbeidskvardagen er prega av eit høgt arbeidstempo.

Du får jobbe med

Vi tilbyr varierte og utfordrande juridiske oppgåver som lovarbeid, lovtolking, rettleiing og oppfølging av fylkesmenn, kommunar og fylkeskommunar. Dei som blir tilsett vil, avhengig av kvalifikasjonar, kunne få oppgåver frå heile seksjonens ansvarsområde. Vi skal gjennomføre eit omfattande oppfølgingsarbeid som følge av ikraftsetjinga av ny kommunelov, og dei som blir tilsett vil bli involvert i det. Det kan også vere aktuelt å arbeide med utgreiingsoppgåver knytt til kommune- og regionreforma.

Vi søkjer etter to juristar med interesse for offentleg rett

Nødvendige kvalifikasjonar

Aktuelle kandidater har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Søkjarar må ha interesse for offentleg rett. Søkjarar må kunne skrive godt og formidle komplisert juss på ein forståeleg måte.

Ønskelege kvalifikasjonar

Vi ser etter juristar som fortrinnsvis har to eller fleire års røynsle med utgreiings- og lovarbeid i departementa, eller har anna relevant juridisk røynsle.

Det er ein fordel om søkjarar har kjennskap til kommunesektoren, forvaltingsrett og kommunalrett, kjennskap til EØS-rett og selskapsrett.

Personlege eigenskapar

Vi leter etter søkjarar som har:

  • Høg arbeidskapasitet, ei positiv innstilling og evne til å gjennomføre oppgåver til avtalt tid
  • Godt humør og som kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidseigenskaper, men som også kan jobbe sjølvstendig

Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og røynsle må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • Arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Høve til trening i arbeidstida

Slik søkjer du

Søknad kan sendast elektronisk via linken "Søk her" på denne sida.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV. Arbeidstilhøva vil bli lagt til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Godt medarbeidarskap er viktig for oss.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringa av søknader skal gjelde den første seleksjonsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket.

Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

KMD samarbeidar med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjer og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjorte sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

  • Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør Siri Halvorsen, tlf: 22 24 69 13 eller e-post