Ved Hordaland tingrett, rettsstad Bergen, er det ledig ein konstitusjon som dommar i 3 månader med moglegheit for forlenging i 3 månader. Oppstart frå medio september eller etter avtale.
Den som får konstitusjon kan rekna med allsidig og interessant juridisk praksis. Vi legg vekt på å ha eit godt juridisk fagmiljø og eit triveleg arbeidsmiljø. Arbeidsstad vil vere Bergen, men ein må pårekna arbeid med saker frå rettsstad Lofthus.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitskap. Søkarar må vera norske statsborgarar.Den som vert konstituert vil gå direkte inn i eksisterande portefølje, og erfaring som dommarfullmektig/dommar vil difor verta lagt vekt på.
For den som vert konstituert vil uttømande politiattest verta kravd.
Generelle opplysingar
Stillinga vert for tida løna med kroner kr 1 285 000,-, per år. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til sorenskrivar Håkon Rastum, telefon 55 69 99 10/911 08 191.
Generelle opplysningar om domstolen finn du på Hordaland tingrett si heimeside
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Vi viser til offentleglova § 25 andre ledd som gjer det mogleg å bli teken ut frå søkjarlista.
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenkja på denne sida "Søk her".
Søknadsfrist: 06.06.23