Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sine fremste konfliktløysingsorgan. Domstolane bidreg til vern av den enkelte sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd. Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personleg eignaheit og yrkes- og livserfaring. Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegla folkesamansetninga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Konstitusjon som lagdommar ved Gulating lagmannsrett

Vi har ledig ein konstitusjon som lagdommer ved Gulating lagmannsrett i fem månader. Snarleg tiltreding etter nærare avtale.

Domstolen blir leia av ein førstelagmann og har elles fire lagmenn, 26 lagdommarar ein jordskiftelagdommar og åtte utgreiarar. Administrasjonen har 21 tilsette og blir leia av ein direktør. Lagmannsretten er organisert i to dommaravdelingar, sekretariat, utgreiareining og fellestenester.

Domstolen har lokale sentralt i Bergen, i tillegg har vi rettsalar i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar.

Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Vi tilbyr

Lønna for lagdommar er per i dag kr. 1.206.000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 prosent.

Spørsmål om stillinga

Gulating lagmannsrett ved førstelagmann Magni Elsheim, tlf. 55 69 39 53 / 988 28 764.