Konstitusjon som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett

Har du lyst til å jobbe på ein spannande arbeidsplass med ei viktig samfunnsoppgåve?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2023-11-26

Ved Møre og Romsdal tingrett er det ledig ein konstitusjon som tingrettsdommar i inntil seks månadar frå 2024. Oppstart så snart som mogleg etter 1. januar 2024.

Om Møre og Romsdal tingrett

Møre og Romsdal tingrett har full fagkrins. Domstolen vert leia av ein sorenskrivar og har i tillegg 14 faste dommarar, 3 dommarfullmektigar, administrasjonssjef og 24 sakshandsamarar. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt og utviklingsorientert fagmiljø. Domstolen har lokale i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda.

Arbeidssplass

Den konstituerte tingrettsdommar skal ha fast kontorstad i Kristiansund, men må vere fleksibel med tanke på å ta saker på andre rettsstadar.

Lønn

Stillinga vert for tida løna med kroner 1 285 000 per år. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.

Kvalifikasjonar

Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitskap. Søkarar må vera norske statsborgarar. For den som vert konstituert vil uttømande politiattest verte kravd.

Den som vert konstituert vil gå direkte inn i eksisterande portefølje. Det er ein fordel om søker har erfaring som dommarfullmektig/dommar.

Spørsmål om stillinga

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, telefon 70 33 47 00.