Konstitusjon som tingrettsdommar ved Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2020-01-20
Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd. Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Ved utnemninga vil det bli lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner blir oppmoda om å søkje.

Det blir ledig ein konstitusjon som tingrettsdommar ved Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett, med kontorstad i Haugesund.Tiltreding etter nærare avtale, men det er ein føresetnad for dommaren å være til stades ved begge tingrettane. Konstitusjonen har ein varigheit på eitt år, med muligheit for forlenging. Haugaland tingrett har per i dag ti dømande årsverk og ei samla bemanning på 23 tilsette. Sunnhordland tingrett har per i dag tre dømande årsverk og ei samla bemanning på ni tilsette. Samla bemanning i dei to domstolane er per i dag 32 tilsette.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/ universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 148 000,-.

Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett v/sorenskrivar Tine Odland, tlf. 52 70 14 00/53 45 60 60.
  • Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 20. januar 2020