Konstitusjon som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-08-23

Ved Møre og Romsdal tingrett er det ledig ein konstitusjon som tingrettsdommar i tre månadar frå september/oktober 2021. 

Møre og Romsdal tingrett har full fagkrins. Domstolen vert leia av ein sorenskrivar og har i tillegg 12 faste dommarar, 6 dommarfullmektigar, administrasjonssjef og 27 sakshandsamarar. Domstolen har lokale i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Den konstituerte tingrettsdommar skal ha fast kontorstad i Molde, men må vere fleksibel med tanke på å ta saker på andre rettsstadar. Vi legg vekt på  eit godt arbeidsmiljø og eit godt og utviklingsorientert fagmiljø.

Stillinga vert for tida løna med kroner 1 205 000 per år. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.

Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitskap. Søkarar må vera norske statsborgarar. For den som vert konstituert vil uttømande politiattest verte kravd.

Den som vert konstituert vil gå direkte inn i eksisterande portefølje, og erfaring som dommarfullmektig/dommar vil difor verta lagt vekt på.

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til

  • sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, telefon 930 372 27.

Søknad med stadfesta attestar og vitnemål skal sendast Møre og Romsdal tingrett vi knappen "Søk her".

Søknadsfrist: 23. august 2021