To konstitusjonar som lagdommar ved Gulating lagmannsrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2020-06-30

Gulating lagmannsrett har ledig to konstitusjonar som lagdommar i  perioden 1. september 2020 til 1. mars 2021.

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Domstolen blir leia av ein førstelagmann og har elles fire lagmenn, 26 lagdommarar, ein jordskiftelagdommar og åtte utgreiarar. Administrasjonen har 21 tilsette og blir leia av ein direktør.

Lagmannsretten er organisert i to dommaravdelingar, sekretariat, utgreiareining og fellestenester.

Domstolen har lokale sentralt i Bergen, i tillegg til faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Godt arbeids- og fagmiljø

Lønna for lagdommar er per i dag kr. 1 245 000,-. Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Spørsmål om stillingane

Kontakt Gulating lagmannsrett ved førstelagmann Magni Elsheim tlf. 55 69 39 53 / 988 28 764.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist: 30. juni 2020.