To embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-03-05

Vil du ha ein jobb der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samtidig som du har en viktig samfunnsrolle?

Det blir ledig to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett.
Tiltreding etter nærmare avtale.

Kven er du?

Krav vi still for å bli lagdommar er

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur. eller master i rettsvitskap
  • Du nå vere norsk statsborgar
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneskjene du vil møte
  • Godt juridisk skjønn og analytiske evner kjem godt med, sakene er komplekse og krev eit trena auge
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre, og evne til å ta vanskelege avgjerder
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig
  • God gjennomføringsevne
  • Du må vere fleksibel og ha høg arbeidskapasitet
  • God rolleforståing
  • For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga: 

  • Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som lagdommar er for tida kr. 1 419 000. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Norge har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Domstolane er den tredje statsmakt. Landet er delt inn i seks lagdøme. Sjå meir om oss på www.domstol.no.

Gulating lagmannsrett er ein av seks lagmannsrettar i Norge. Forutan lokala til lagmannsretten i Bergen, har lagmannsretten faste kontor og faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. I tillegg sett lagmannsretten rett andre stader i lagdømet etter behov.

Gulating lagmannsrett har i dag til saman 32 dømmande årsverk og ei samla bemanning på 66 årsverk.

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnets fremste konfliktløysningsorganar. Domstolane bidreg til vern av dei enkeltes rettigheiter. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd.

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personleg eigenskap og brei yrkes- og livserfaring.

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og speile befolkningssammensetjinga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.

Generelle avgjerder

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søka jobb hos oss.

Vi oppfordrar deg til å kryssa av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CVen eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no.

Vi gjer merksame på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er beskrive i annonsen.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert i samsvar med personopplysningslova. Du kan lesa meir om personvern på https://www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeidar offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vera tilgjengeleg på https://www.domstol.no/no/innstillingsradet.

Den som blir utnemnt må utan erstatning finna seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane sin forretningskrets og organisering, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føra til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Generell informasjon til søkarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.

Spørsmål om stillingen

  • Magni Elsheim
    Førstelagmann i Gulating lagmannsrett
    Telefon: 98828764
  • Arnfinn Agnalt
    Leder av Innstillingsrådet
    Telefon: 91770156
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør i Domstoladministrasjonen
    Telefon: 40414414