Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre rettssaker på vegner av staten, i tillegg til å gje fråsegner om juridiske spørsmål. Klientane til Regjeringsadvokaten er statlege organ, det vil seia regjeringa, departementa og deira underliggjande etatar. Øvste leiar for Regjeringsadvokaten er regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som etter instruks for Regjeringsadvokaten er utnemnd av Kongen.

Ledige stillingar som advokat/ advokatfullmektig

Regjeringsadvokaten har ledig nokre faste stillingar og nokre vikariat som advokat/advokatfullmektig.

Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for departementa i rettssaker og gir råd til forvaltninga i rettslege spørsmål. Embetet har i dag 45 advokatar og kan by på eit godt miljø fagleg og sosialt. Arbeidet er juridisk variert og omfattar både offentlegrettslege og privatrettslege spørsmål.

Arbeidsoppgåvene er utfordrande, sjølvstendige og gjev brei røynsle i prosedyre.

Det blir stilt svært høge faglege krav til søkjarane. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å fungera i rolla som prosessfullmektig for staten. Arbeidet fører med seg ein del reiseverksemd. Vi oppmodar kvinner og nyutdanna om å søkje. Årets kandidatar kan òg søkje.

Vi gjer merksam på at informasjon om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført på søkjarlista.

For tida er advokatfullmektigane løna i ltr. 60-63, advokatane i ltr. 72-81 og advokatane med møterett for Høgsterett i ltr. 93-98.

Ved behov for nærare opplysningar kan

  • advokat Magnus Schei eller
  • advokat Ingrid Skog Hauge

kontaktas på telefon 22 99 02 00.

Sjå òg www.regjeringsadvokaten.no.

Søknadsfrist 16. august 2019.