(Foto: Kjetil Kolsrud)

Møre og Romsdal tingrett - vikariat som dommarfullmektig ved rettsstad Ålesund

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2022-12-15

Som følgje av at ein dommarfullmektig i Ålesund går ut i svangerskapspermisjon, har vi frå februar 2023 ledig eit års vikariat. Det kan vere aktuelt med forlenging av vikariatet, alternativt at stillinga vert gjort om til vanleg stilling.

Om stillinga

  • Vi søker etter ein jurist med gode faglege kvalifikasjonar.
  • Det er særleg ynskje om arbeidserfaring frå stilling som advokatfullmektig/advokat eller  erfaring frå påtale.
  • Det vert stilt krav om at søker kan arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og vere god til skriftleg framstilling.
  • For tilsetting er det krav om framlegging av vitnemål og politiattest.
  • Tiltreding etter nærmare avtale.

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver i eit godt fagleg og sosialt arbeidmiljø
  • Vi legg til rette for for god opplæring og fagleg utvikling
  • Lønn – og arbeidvilkår etter dommarfullmektigavtalen.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål til stillinga, kan du kontakte nestleiar Øyvind Panzer Iversen, tlf 948 99 939.

Generell informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no

Det vert utarbeida offentleg søkarliste. I medhald av offentleglova § 25 andre ledd er det høve til å søke seg unntatt frå søkarlista.

Søknadsfrist 15. desember 2022. Søknad skal sendast vi knappen «Søk her».