Nestleiar ved den juridiske utreiareininga

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2020-07-01

Ved Gulating lagmannsrett er det ledig stilling som nestleiar ved den juridiske utgreiareininga. Tiltreding etter nærare avtale.

Utgreiareininga består av seks juridiske utgreiarar, ein jordskifteutgreiar og ein nestleiar. Eininga arbeidar tett opp til ankeutvalet i lagmannsretten, og både utgreiareininga og ankeutvalet er leia av ein lagmann.

Gulating lagmannsrett kan tilby:

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Sjølvstendige og utfordrande administrative arbeidsoppgåver
  • Høve til fagleg fordjuping og utvikling med fokus på kvalitet
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg oppdatering og etterutdanningstilbod
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeids- og ansvarsområde:

Dei juridiske utgreiarane arbeider i hovudsak med skriftleg førebuing og utgreiing av ankar over orskurd og vedtak i sivile saker. Både prosessuelle og materielle spørsmål innanfor ein rekke rettsområde blir førebudd og utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til innsikt i arbeidsmåten ved domstolen.

Ein lagmann har fagansvar og personalansvar for eininga. Nestleiaren vil få delegert oppgåver og inngå i leiinga saman med lagmannen. Dette inneber m.a. medansvar for dagleg drift og utviklingsarbeid med sikte på effektiv saksavvikling, høg kvalitet og godt samarbeid med dommarane og dei andre avdelingane i lagmannsretten. Det er ein føresetnad at nestleiaren deltek i dei vanlege utgreiaroppgåvene. Nestleiaren rapporterer til lagmannen. Oppgåver og ansvarsområde vil kunne endra seg i tråd med domstolen sine behov.

Vi søkjer ein nestleiar som:

  • Har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • Har særs gode juridiske kvalifikasjonar og fagleg relevant erfaring. Det vil særskild bli lagt vekt på erfaring frå utgreiingsarbeid eller liknande
  • Har gode leiareigenskapar og er utviklingsorientert
  • Har gode samarbeidsevne og evne til å vedlikehalde og vidareutvikla eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
  • Har ei sjølvstendig, effektiv og strukturert arbeidsform, og evne til å halda overblikk og arbeida målretta

Stillinga som nestleiar for utgreiareininga blir lønna som seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Løna vert fastsett individuelt ut frå kvalifikasjonar og lønsnivået for tilsvarande stillingar elles i domstolen. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Tenestemålet er nynorsk.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt - også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Spørsmål om stillinga

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • lagmann Guri Elisabeth Molven på telefon 55693937.

Søknad vedlagt aktuelle attester og vitnemål sendes elektronisk via jobbnorge.no.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleg­lova § 25 andre ledd.

Søknadsfrist: 1. juli 2020.

Nettstad: www.domstol.no/gulating