Politiadvokat 2 / politiadvokat med cyberkompetanse

Felles eining for påtale, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø

Arbeidsgiver:
Vest politidistrikt
Søknadsfrist:
2025-03-23

I Vest politidistrikt er det ledig fast stilling som politiadvokat 2 (SKO 1543) eller politiadvokat (SKO 1245) på Felles eining for påtale, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø.

Stillinga omfattar ordinært påtale- og porteføljearbeid innan seksjonen sine fagområde, med særleg vekt på cyberretta og cyberstøtta kriminalitet samt bruk av kryptovaluta. I tillegg inneber stillinga ei rolle som fagperson innan desse spesialfelta, både internt i eigen seksjon og for andre påtaleseksjonar.

Denne nyoppretta stillinga er eit tiltak for å styrkja politidistriktet og kompetansen i Felles eining for påtale innan digital kriminalitet og kryptovaluta. Dette omfattar både kriminalitet retta mot datasystem (cyberretta) og kriminalitet som vert utført i, ved hjelp av eller med støtte frå datasystem (cyberstøtta), tildømmes på digitale bedrageri, kryptobedrageri, datainnbrot, utpressing på nett og narkotikaomsetning via digitale plattformer.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforskingsleiing og påtalebehandling av straffesaker innan fagområdet til seksjonen, med særleg vekt på cyberrettet og cyberstøttet kriminalitet
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Fagperson for påtaleeininga på cyberkriminalitet ved å bidra med metodeutvikling, fagutvikling og rettleiing
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendige:

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
  • For politiadvokat 2: minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 år påtaleerfaring og 3 års annan relevant erfaring / 4 års påtaleerfaring og 2 års annan relevant erfaring.  Unntak frå krava om arbeidserfaring kan gjerast ved særleg sterke faglege kvalifikasjonar
  • For politiadvokat: minst 1 års påtaleerfaring eller minst 2 års relevant erfaring
  • Svært god teknologiforståing og erfaring med bruk av ny it-teknologi
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på begge målformer
  • Holde høg kvalitet på juridisk arbeid

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. 

Ønskelege:

  • Erfaring med eller utdanning innan kryptovaluta, KI, sporing, kryptering, koding, Ip-adresser, digitale pengespor,  o.l.
  • Prosedyreerfaring eller erfaring frå tilsyn, gransking o.l.

Personlege eigenskaper

  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Evne til å arbeide strukturert, effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida'
  • Stillinga som politiadvokat 2 (stillingskode SKO 1543) vert lønt frå kr. 890 000,- brutto pr. år. Stillinga som politiadvokat (stillingskode 1245) vert lønt frå kr. 700 000,- brutto pr år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 25/43363

Kontaktinformasjon

  • Sylvia Myklebust
    Seksjonsleiar
    Telefon: 55556289

Spørsmål om elektronisk søknad og CV: