Ledige stillingar som politiadvokat/politifullmektig

Arbeidsgiver:
Vest politidistrikt
Søknadsfrist:
2021-08-01

I Vest politidistrikt er det ledig ei eller fleire faste og/eller midlertidige stillingar som politiadvokat SKO 1245 eller politifullmektig SKO 0288. Stillingane er for tida plassert ved Felles eining for påtale, Seksjon Hordaland og Seksjon Bergen, Askøy og Øygarden. Vi oppfordrar nyutdanna med gode akademiske resultat til å søkje stilling som politifullmektig. Stillingane er stadsplassert i Bergen.

Politiet har dei siste åra vore kåra til den mest attraktive arbeidsplassen for juristar i Noreg. Spanande oppgåver og meiningsfullt arbeid er ofte trekt fram som grunngjeving. Hos oss får du være del av eit godt fagmiljø med høve til å spesialisere deg innan fagfeltet strafferett og straffeprosess. Du vil få ansvar for di eiga portefølje, og forvalte eit viktig samfunnsoppdrag saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Arbeidet i politiet er variert. Du vil mellom anna få erfaring med prosedyre for domstolane gjennom aktorering av straffesaker. Som påtalejurist samarbeider du også tett med etterforskingsleiinga for å oppklare og førebygge kriminalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av etterforsking. Dette inneber å kvalitetssikre etterforsking i enkeltsaker, sikre at etterforskinga har ein plan og eit klart føremål, og at den har naudsynt framdrift

  • Sikre at krava til rettstryggleik og objektivitet blir ivareteke på alle trinn i sakshandsaminga, at handsaming av den enkelte sak skjer i tråd med gjeldande regelverk, direktiv frå overorda påtalemakt og interne etiske retningslinjer

  • Ansvar for påtalevurderingar og påtaleavgjerder i eigen saksportefølje, mellom anna vurdere og beslutte bruk av tvangsmidler
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Gje fagleg støtte og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar, etterforskarar, ordensstyrke og operasjonssentral
  • Lage etterforskingsplan der dette er pålagd eller føremålstenleg
  • Sikre bistand frå, og lage mandat for bruk av sakkunnige
  • Arbeide systematisk med evaluering og kvalitetsforbetring for å lære av og korrigere eventuelle feil både i etterforskning- og påtalefase
  • Følgje saka til den er endeleg avgjort og eventuell straffegjennomføring er sett i verk
  • Du kan bli pålagt å leie tilrettelagte avhøyr av barn og andre sårbare personar
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat krev ein minst 1 år erfaring innan påtalearbeid, eller minst 2 år relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
  • Gode juridiske kunnskapar, spesielt innan strafferett og straffeprosess 
  • Evne til å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene 
  • Påtaleerfaring, vidareutdanning for politiets påtalejuristar, gjennomført obligatorisk grunnopplæring for politijuristar og/eller vidareutdanning for avhøyrsleiing ved tilrettelagte avhøyr blir vektlagt  
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel 

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Vere ansvarsbevisst og strukturert
  • Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester 
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillingane blir lønna som politiadvokat SKO 1245 frå  ltr.62/kr. 563.900,- til ltr.71/kr. 665.700,- brutto per år, eller som politifullmektig SKO 0288 frå ltr.58/kr. 524.900,- til ltr.62/kr. 563.900,- brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

For spørsmål om elektronisk CV/søknad

Generelt 

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter statsansattelova. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å medverke til ei endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi leggje til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i rekrutteringsportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryss i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les meir
på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling   

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka

Ref. nr. 21/78261