ØKOKRIM er politiet og påtalemakta sitt spissorgan mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Vi arbeider for å verne velferdssamfunnet og det økonomiske systemet. Vi tek dei mest omfattande, kompliserte og prinsipielle sakene på dette området, og treng difor dyktige medarbeidarar som er opptekne av å utvikle seg gjennom tverrfagleg arbeid. ØKOKRIM held til sentralt i Oslo. Du må rekne med reiseverksemd i inn- og utland. Ei tilsetjing i politiet krev plettfri vandel, og ein uttømmande og utvida politiattest må innhentast, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Staten har eit personalpolitisk mål om mangfald bland dei tilsette, og vi ønskjer ei balansert samansetjing i kjøn og alder og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Som søkjar bør du merke deg at opplysningar om deg kan bli gjort offentlege, sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkjarliste. Søknaden med attestar og vitnemål skal registrerast i WebCruiter via lenka i kunngjeringa.

Politiadvokatar

Vi treng politiadvokatar til avdelingane som etterforskar økonomisk kriminalitet. Politiadvokatane tek del i etterforskinga av sakene og fører dei for retten. Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar og etterforskarar med politifagleg eller økonomisk bakgrunn. 

Vi er på jakt etter deg som 

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtera og analysera mykje informasjon
  • kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande

Arbeidsoppgåver

  • planleggje, organisere, etterforske og påtale straffesaker
  • aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
  • drive opplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • normalt 5–8 år relevant yrkeserfaring
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
  • særs gode IT-ferdigheiter
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
  • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
  • særs gode analytiske evner
  • initiativrik og endringsvillig

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
  • tverrfagleg teamarbeid
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • sterke fagmiljø
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning med medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • løn som politiadvokat (stillingskode 1245), kr 658 300–754 900
  • i tillegg får politiadvokatar i ØKOKRIM eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova

Kontakt

Avdelingsleiar Inge Svae-Grotli, tlf 23 29 11 02