Politifullmektig / politiadvokat

Felles eining for påtale, seksjon for påtale Nordmøre, Møre og Romsdal politidistrikt

Arbeidsgiver:
Møre og Romsdal politidistrikt
Søknadsfrist:
2023-11-30

Vi har ledig to faste stillingar som politifullmektig/politiadvokat i Kristiansund. Ved eventuelt internt opprykk vil det kunne bli ledig vikariat.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesakshandsaming og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av distriktet si samla straffesaksportefølje. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet mv. blir etterlevd, og at omsynet til objektivitet og rettssikkerheit blir teke vare på i alle stadier av straffesakshandsaming.

I stillinga vil du ha brei kontakt både internt i politidistriktet og eksternt, og du vil jobbe med mange saker samtidig. Derfor treng vi deg som er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men som også trivast med å jobbe sjølvstendig og i høgt tempo.

Felles eining for påtale består av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for straffesaksstøtte. Seksjon for påtale Nordmøre er stadsplassert i Kristiansund. Du må pårekne å måtte reise noko i samband med jobben.

Arbeidsoppgåver

  • Påtaleansvarleg i tildelte saker
  • Håndtere eiga portefølje
  • Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Utføre jourtjeneste etter tjenesteplan
  • Leie, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
  • Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • Kontakt med media
  • Kan av leiar påleggast andre oppgåver 

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap
  • For å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskjeleg:

  • Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kunne handtere stor arbeidsbelasting og høgt tempo
  • Effektiv og beslutningsdyktig
  • Systematisk, målretta og løysingsorientert
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar/eignaheit, motivasjon og ei hensiktsmessig samansetning av seksjonen.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Fast stilling som politifullmektig (SKO 0288) evt. for særskilt kvalifiserte søkere kan det vurderast stillingskode som politiadvokat (SKO 1245) i Møre og Romsdal politidistrikt
  • Lønn frå kroner 580 000 som politifullmektig. Lønn frå kroner 640 000 som politiadvokat. For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast. Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell jour/turnusteneste
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og tilknytta bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.