Språkrådet arbeider for å styrke det norske språket og språkmangfoldet i landet. Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og følger opp den norske språkpolitikken på oppdrag fra Kulturdepartementet.

Rådgjevar/seniorrådgjevar med juridisk kompetanse

I Språkrådet er det ledig eit 12-månaders engasjement som rådgjevar/seniorrådgjevar med juridisk kompetanse. 

Vi ser etter deg som har solid kunnskap om forvaltninga og forvaltningsjussen, som trivst med nybrottsarbeid, og som er oppteken av språklege rettar.  

Arbeidsoppgåver

Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for å greie ut om rettar og plikter etter den komande språklova, som Kulturdepartementet legg fram for Stortinget våren 2020. Ei sentral oppgåve blir å lage rettleiingsmateriell om kva den nye lova inneber for ulike aktørar, i samarbeid med andre i Språkrådet. Du skal dessutan drive sakshandsaming, hovudsakleg svare på spørsmål om språklova frå det offentlege og frå privatpersonar.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå universitet eller høgskole, med juridiske fag i fagkrinsen. Søkjarar må òg ha solid forvaltningsrettsleg kompetanse. Søkjarar må meistre både bokmål og nynorsk.

Framlegget til språklov vil erstatte reglane som finst i den gjeldande lova om målbruk i offentleg teneste (mållova). Difor er det ein føremon om du har kjennskap til mållova og korleis ho blir brukt i dag.

Vi legg vekt på

  • relevant erfaring frå offentleg sektor
  • erfaring frå utgreiingsarbeid, sakshandsaming og bruk av juridisk metode
  • kjennskap til språkpolitikken
  • evne til å skrive klart, korrekt og presist

Personlege eigenskapar

Du må vere initiativrik og sjølvgåande og kunne ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Sidan mykje av arbeidet i stillinga vil vere nybrottsarbeid, må du vere analytisk, konstruktiv og idérik. Du må òg ha særs gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som rådgjevar i stillingskode 1434, 496 100–542 400 kroner i året (lønssteg 56–61), eller som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 552 800–627 700 kroner i året (lønssteg 62–69). For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Staten legg vekt på mangfald. Ein kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. Språkrådet skal arbeide for å oppfylle inkluderingsdugnaden og vil oppmode kandidatar som har stått utanfor arbeidslivet, eller som har nedsett funksjonsevne, om å søkje.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av: