Saksbehandlar

Arbeidsgiver:
Gulating lagmannsrett
Søknadsfrist:
2020-01-05
Gulating lagmannsrett er ankedomstol for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Lagmannsretten har sete i Bergen på Gulatings plass 1. Mange av sakene våre i Rogaland går føre seg i Stavanger. I Stavanger har lagmannsretten eigne kontor og rettssalar i 3. etasje i Stavanger tinghus. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester.

På kontoret vårt i Stavanger har vi ledig eit vikariat som saksbehandlar ut 2020 og ein mellombels stilling som saksbehandlar i eitt år. Tilsetjing etter avtale.

Saksbehandlarrolla i Gulating lagmannsrett er i utvikling. Vi ønskjer deg som har interesse for juss og som kan bidra til å utvikla saksbehandlarrolla i Gulating lagmannsrett.  

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil knyta seg til all praktisk førebuing, saksbehandling og etterarbeid i samband med rettssakene vi har i Stavanger. Oppgåvene vert utført i nært samarbeid med dommar i saka.

  • Praktisk førebuing, saksbehandling og etterarbeid i sivile saker og straffesaker
  • Enklare juridisk saksbehandling
  • Rettleiing og kommunikasjon med partar og profesjonelle aktørar
  • Publikumsmottak og sentralbord
  • Reisebestillingar
  • Drift av kontoret
  • Leggja til rette for gjennomføring av digitale ankeforhandlingar
  • Publisering på internett og intranett
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor i juss eller samfunnsvitskapelege fag, eller anna relevant utdanning
  • Relevant erfaring og interesse for juss kan kompensera for manglande utdanning
  • Det er ønskjeleg at du har relevant erfaring fra domstol, politi-/påtalemakt, justissektoren eller advokatkontor mv
  • Gode norskkunnskapar og god formuleringsevne munnleg som skriftleg. Du må kunna nytta båe målformer
  • Svært god digital forståing og høg IT-kompetans

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og har evne til å prioritera mellom oppgåver
  • Du har god gjennomføringsevne, leverer kvalitet og bidrar effektivt til god framdrift og saksavvikling i domstolen
  • Du kommuniserer godt med både partar og profesjonelle aktørar
  • Du samarbeider godt i team og håndterer stressande situasjonar på ein god måte
  • Du jobbar sjølvstendig og tar initiativ til forbetringar
  • Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og kollegaer

Vi tilbyr

  • Mykje ansvar og varierte arbeidsoppgåver
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane og dei andre saksbehandlarane
  • Stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408), mogeleg rådgjevar (stillingskode 1434). Løn avhengig av utdanning og erfaring
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø i ein kunnskapsorganisasjon 
  • Fleksibel arbeidstid innanfor rammer. Avvikling av ferie i rettsferien
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse (www.spk.no)

Spørsmål om stillingane

Spørsmål om stillingane kan rettast til sekretariatsleiar Henriette Hinna, tlf. 55 69 39 73.

Det er eit mål at domstolen skal spegla folkesamansetnaden generelt, også kva gjeld kjønn, alder og kulturelt mangfald.

I samsvar med offentligheitslova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om ho/han har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkommande vil då bli varsla og gjeve høve til å trekkja søknaden.