Spennande stilling som jurist innanfor kapitalforvalting

Seksjon for fond og kollektive investeringer, Finanstilsynet

Arbeidsgiver:
Finanstilsynet
Søknadsfrist:
2021-06-16

Vi har ledig ei fast stilling som jurist ved seksjon for fond og kollektive investeringar. Seksjonen fører tilsyn med forvaltingsselskap for verdipapirfond og forvaltarar av alternative investeringsfond, som aktive eigarfond (PE), eigedomsfond og hedgefond. Utover tilsynsarbeidet behandlar vi enkeltsaker på fondsområdet, utviklar regelverket og rettleier verksemder under tilsyn og andre.

Seksjonen har elleve medarbeidere med høg og variert kompetanse innanfor kapitalforvaltning og tilsyn. I tilsynsarbeidet prioriterer vi særleg saker som er viktige for forbrukarvern. Vår nye medarbeidar vil arbeide med saker innanfor heile fagfeltet, og blant anna behandle forvaltingssaker og delta i arbeidet med gjennomføring av tilsynsarbeid. Personen som blir tilsett, vil arbeide tett opp mot verksemdene under tilsyn og kapitalforvaltarbransjen generelt. Stillinga gir eit godt grunnlag for fagleg utvikling innanfor eit felt i utvikling og som har mykje nytt regelverk.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling etter verdipapirfondloven og lov om forvaltning av alternative investeringsfond med forskrifter
  • Tolking- og utgreiingsarbeid innanfor fondsområdet
  • Delta i tilsynsarbeid
  • Rettleie verksemder om regelverk og tilsynspraksis

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap med gode resultat og sterk interesse for å jobbe med fagfeltet
  • Fordel med relevant arbeidserfaring og bransjekunnskap, men også andre kandidatar med sterk motivasjon må gjerne søke
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige eigenskaper

  • Kan arbeide metodisk og strukturert
  • Har evne til å sjå saker i ei større samanheng
  • Godt juridisk skjønn
  • Er effektiv og nøyaktig
  • Kan arbeide sjølvstendig, er initiativrik og god til å samarbeide
  • Det blir lagd vekt på at du er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling i eit miljø med høg fagkompetanse.
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
  • Treningsfasilitetar.
  • Tiltreding og lønn etter avtale.

Kontakt

  • Seksjonssjef Britt Hjellegjerde, tlf 22 93 97 24

Anna

  • Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. 
  • Vitnemål og karakterar må leggjast ved søknaden. 
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av den som blir tilsett i stillinga. 
  • Finanstilsynet arbeider aktivt med digitalisering. Digital kompetanse vil derfor bli vektlagt.  
  • Dei tilsette i Finanstilsynet må følgje strenge etiske retningslinjer, sjå www.finanstilsynet.no/om-finanstilsynet/etiske-retningslinjer/ 
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no