Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete og 18 saksbehandlarstillingar. Lagmannsretten vert leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utvalseining, sekretariat og fellestenester. Domstolen ligg i Bergen sentrum. Gulating lagmannsrett har i dag 5 juridiske utgreiarar og 1 jordskifteutgreiar. Det er planar for utviding av eininga.

Stilling som juridisk utgreiar i Gulating lagmannsrett og årsvikariat som juridisk utgreiar


Ved Gulating lagmannsrett vert det ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar, og eitt årsvikariat.

Gulating lagmannsrett kan tilby:

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeids- og ansvarsområde:

Dei juridiske utgreiarane arbeider i all hovudsak med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen.

Stillinga som utgreiar i lagmannsretten krev svært gode juridiske kvalifikasjonar. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og stillinga set høge krav til kvalitet, effektivitet og at ein kan levera saker innan fastsette fristar. God skriftleg framstillingsevne og gode samarbeidsevner er óg særs viktig. Søkjarar må dessutan kunna begge målformer.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar.

Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf offentleglova § 25 andre ledd.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

  • førstelagmann Magni Elsheim på telefon 55 69 39 53,
  • utgreiarleiar Marie Trovåg på telefon 55 69 39 62, eller
  • avdelingslagmann Martin Tenold på telefon 55 69 39 41.

Nettstad: www.domstol.no/gulating

Søknadsfrist: 23. november 2018.