Det blir ledig eit embete som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett. Tiltreding er etter nærare avtale.
Kontorstaden vil vere i Bergen. Hordaland tingrett har i dag til samen 40 dømande årsverk og ei samla bemanning på 89 årsverk. Du må rekna med å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.
Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.
Vi tilbyr
- eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
- eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Lønn for stilling som tingrettsdommar er per i dag kr. 1 285 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Hordaland tingrett v/sorenskrivar Håkon Rastum, tlf. 55 69 99 10
- Innstillingsrådet v/nestleiar Nina Opsahl, tlf. 22 03 54 01
- Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.
Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.
Søknadsfrist 11. april 2023