Embete som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-04-10

Vil du ha ei stilling der du får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåve samtidig som du har ein viktig samfunnsrolle?

Det vert ledig ein stilling som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett, rettsstad Ålesund. Oppstart etter nærmare avtale.

Kven er du?

Krav til stillinga som tingrettsdommar:

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap
  • Du må vere norsk statsborgar
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg
  • Godt juridisk skjønn og analytiske evne
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide godt
  • Gode evne til skriftleg og munnleg saksfremstilling
  • Høg gjennomføringsevne
  • Du må vere fleksibel og ha stor arbeidskapasitet
  • God rolleforståing
  • Stillinga krev gode kvalifikasjonar
  • Du må vere personleg egna og ha relevant arbeidserfaring.

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmende politiattest. Dommarane må opptre uavhengig av partane og kunne ivareta domstolane si konstitusjonelle uavhengigheit, ha ei tillitsvekkjande framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukarane av domstolen.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • Ein sjølvstendig og meiningsfull arbeidsdag, med stort rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Faglege kurs
  • Ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som tingrettsdommar er for tida kr. 1 351 700,-. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Domstolane utgjer den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 tilsette. Landet er delt inn i 23 tingrettar (rettskrins) med omlag 1100 tilsette. Sjå meir om oss på www.domstol.no.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og styresmakter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall.

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å dykke ned i jussen.

Møre og Romsdal tingrett er ein fullfagleg domstol i første innstans, med rettsstadar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Sakene vert behandla ved det rettsstaden dei geografisk høyrer til. Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i krinsen. Domstolen har 18 dømmande årsverk og ein samla bemanning på 43 årsverk.

Rettskrinsen utgjer kommunane Ålesund, Ulstein, Hareid, Haram, Fjord, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Molde, Hustadvika, Rauma, Vestnes, Aukra, Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.

Generelle avgjerder

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no.

Vi gjer merksame på at søknaden kun vil bli vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristens. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er beskrive i annonsen.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert i samsvar personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeidar offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på https://www.domstol.no/no/innstillingsradet/.

Den som blir utnemnt må utan erstatning finna seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane sin forretningskrets og organisering, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føra til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/innstillingsradet. Ver vennleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga utlyst.

Spørsmål om stillinga

  • Kirsti Høegh Bjørneset
    Sorenskriver, Møre og Romsdal tingrett
    Telefon: 70 33 47 02
    E-post: [email protected]
  • Arnfinn Agnalt
    Leder, Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 917 70 156
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør
    Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]