Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-02-26

Vil du ha ein jobb der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samtidig som du har en viktig samfunnsrolle?

Det blir ledig ett embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett. Tiltredelse 1. juli 2024.

Vestre Innlandet tingrett har per i dag 12 dømande årsverk og en samla bemanning på 30 årsverk.

Vestre Innlandet tingrett er lokalisert på rettsstadane Gjøvik, Fagernes, Lillehammer og Vågå. Kontorstad for stillinga vil vere ved rettsstad Vågå.

Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i rettskrinsen.

Rettskrinsen består av kommunene Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Fron, Nord-Aurdal, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vang, Vågå, Østre Toten, Øyer og Øystre Slidre

Kvalifikasjonskrav

  • Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap
  • Søkjarar må vere norske statsborgarar
  • For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest
  • Stillingen krever høg fagleg kompetanse, analytiske evnar og høg integritet.
  • Du må vere personlig egna og ha relevant arbeidserfaring.

Dommerne må opptre uavhengig av partene og kunne ivareta domstolene sin konstitusjonelle uavhengighet, ha en tillitvekkende framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukerne av domstolen.

Andre personlige egenskaper

  • Godt juridisk skjønn
  • Arbeide sjølvstendig og vere i stand til å ta vanskelege avgjersler
  • Kommunisere godt skriftleg og munnleg
  • God gjennomføringsevne
  • Fleksibel og ha høg arbeidskapasitet
  • God rolleforståing

Vi tilbyr

  • Stilling som tingrettsdommar lønast for tida med
    kr. 1 351 700,-.
  • Frå dette trekk ein vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
  • Ei sjølvstendig og meiningsfull arbeidsoppgåve med rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Moglegheit for ein månads studiepermisjon kvar fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Andre opplysninger

Generell informasjon til søkerne finnes på www.domstol.no/innstillingsradet.

Den som blir utnemnt må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobborge.no, samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 26. februar 2024

Spørsmål om stillinga

  • Ingjerd Thune
    Sorenskriver, Vestre Innlandet tingrett
    Telefon: 61 02 02 00
    E-post: [email protected]
  • Arnfinn Agnalt
    Leder, Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 917 70 156
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør, Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]