Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester. Domstolen ligg i Bergen sentrum.

To ledige stillingar som juridisk utgreiar

Ønskjer du å arbeide med varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt?

Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett består av seks juridiske utgreiarar, ein jordskifteutgreiar og ein leiar.

Me  har no ledig to stillingar som juridisk utgreiar. Den eine stillinga er fast med tiltreding frå 1. april 2020, medan den andre stillinga er eit vikariat i 10 månader med tiltreding frå 1. mai 2020.

Arbeidsoppgåver

Dei juridiske utgreiarane arbeider med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen.

Kvalifikasjonskrav

Stillingane som utgreiar i lagmannsretten krev juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap og særs gode faglege kvalifikasjonar/resultat.

Arbeidet er utprega sjølvstendig, og stillingane set høge krav til kvalitet og effektivitet og at ein kan levera saker innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjend som praksis ved søknad om advokatløyve.

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Stillingane som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364 avhengig av kvalifikasjonar. Løna vert fastsett individuelt ut frå kvalifikasjonar og lønsnivået for tilsvarande stillingar elles i domstolen. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeids­staben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

 I søknaden må det gå fram kva stilling du søkjer på, evt. om du er søkjar til begge stillingane.

Spørsmål om stillingane

Spørsmål om stillingane kan rettast til

  • førstelagmann Magni Elsheim på telefon 98828764, eller
  • utgreiarleiar Anders Hoff på telefon 92096837.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf offentleg­lova § 25 andre ledd.

Søknadsfrist: 5. januar 2020.