Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester. Domstolen ligg i Bergen sentrum.

Tre stillingar som juridisk utgreiar i Gulating lagmannsrett

Me skal utvida utgreiareininga vår  og har ledig tre faste stillingar som juridiske utgreiarar.

Gulating lagmanns­rett kan tilby:

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeids- og ansvarsområde:

Dei juridiske utgreiarane arbeider først og fremst med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen.

Stillinga som utgreiar i lagmannsretten krev juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap og særs gode faglege kvalifikasjonar/resultat. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og stillinga set høge krav til kvalitet og effektivitet og at ein kan levera saker innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364 avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeids­staben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

  • førstelagmann Magni Elsheim på telefon 55 69 39 53,
  • utgreiarleiar Marie Trovåg på telefon 55 69 39 62, eller
  • avdelingslagmann Martin Tenold på telefon 55 69 39 41.

Nettstad: www.domstol.no/gulating

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf offentleg­lova § 25 andre ledd.

Søknadsfrist: 25. januar 2019.  

Søknaden skal sendast elektronisk knappen «Søk her»