Universitetslektorer ved Det juridiske fakultet

Arbeidsgiver:
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist:
2020-07-08

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Er du nyutdanna jurist og vurderer ein akademisk karriere? Då kan ei stilling som universitetslektor vere ein god start.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig inntil 3 faste stillingar som 100 % universitetslektor med tiltreding august/september 2020.

Tilsetjing i stillingane som universitetslektor inneber 75 % undervisningsplikt. Dei resterande 25 % skal nyttast til forskings- og utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er tillagt undervisning på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap ved fakultetet, og inneber følgjande oppgåver:

  • Å førebu og gjennomføre undervisning
  • Rettleiingsoppgåver
  • Eksamens- og sensurarbeid

Den som vert tilsett vil òg få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).

Den som blir tilsett, vil eventuelt seinare kunne søkje om opprykk til førstelektor eller førsteamanuensis, jf. forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (9. februar 2006 nr. 129). Opprykk er personleg og får ingen konsekvensar for arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må ha engasjement og interesse for undervisning
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget. Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø
  • Undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling er ein fordel, men ikkje naudsynt
  • Pedagogisk basiskompetanse er eit krav for stillinga, men den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisningsspråket på masterprogrammet i rettsvitskap er til vanleg norsk. Det er eit krav om at den som blir tilsett, kan undervise på dei obligatoriske emna på masterprogrammet i rettsvitskap på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing. Det er ønskjeleg, men ikkje naudsynt, at søkjaren kan undervise i dei emna der det er eit særleg behov for lærarar, slik som til dømes i formuerettslege emne.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 52-56 (kode 1009/LR 25) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 464 000 – 496 100. For særleg kvalifisert søkjar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Stadfesta kopiar av vitnemål, attestar og eventuelle pedagogiske kvalifikasjonar
  • Eventuelle publikasjonar (maks 10)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk her”.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Karl Harald Søvig, det juridiske fakultet, tlf.: 55589533.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.