Vi søker jurist med noko erfaring og interesse for finansmarknaden, IKT og betalingstenester

Seksjon for IT og betalingstjenester, Finanstilsynet

Arbeidsgiver:
Finanstilsynet
Søknadsfrist:
2021-09-27

Finanstilsynet fører mellom anna tilsyn med at norske finansføretak har ei hensiktsmessig og trygg verksemd når det gjeld bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og tilbod av betalingstenester. Det skjer ei rask utvikling når det gjeld teknologiske løysingar i betalingssystemet og i finansføretaka sin bruk av IKT, og digital sårbarheit aukar. Vidare digitalisering vil prege finansnæringa framover. Finanstilsynet føljer utviklinga tett og deltar i utviklinga av relevant regelverk.

Seksjonen for tilsyn med IT og betalingstenester fører tilsyn med finansføretaka sin bruk av IKT og dei elektroniske betalingstenestene. Gjennom tilsynsverksemda har seksjonen eit nært og tverrfagleg samarbeid med dei andre fagområda i Finanstilsynet. Seksjonen representerer Finanstilsynet i møte med føretak under tilsyn, andre myndigheitsorgan og andre aktørar nasjonalt, og han arbeider med utgreiingar og svar på høyringar frå Finansdepartementet og andre myndigheitsorgan. Seksjonen leiar Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur, og representerer Finanstilsynet i arbeid knytta til finansiell infrastruktur, samfunnskritiske funksjonar og beredskap. Årleg utarbeider seksjonen ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) om finansføretaka sin bruk av IKT. Seksjonen deltar også noko i internasjonalt samarbeid når det gjeld IKT-tilsyn, betalingsområdet og regelverksutvikling. Seksjonen har i dag 11 tilsette med brei og variert erfaring frå finanssektoren, tilsyn og arbeid med IKT-sikkerheit.

For deg som har lyst til å arbeide innan eit område i rask utvikling og av sentral tyding for verkemåten til finansmarknadene og betalingssystema, har vi ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar. Den aktuelle stillinga er knytt til arbeid med forvalting og utvikling av norsk regelverk når det gjeld bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i føretak under tilsyn og regelverk som tilsvarer EUs betalingstenestedirektiv (PSD 2), forutan deltaking i og bistand ved tilsyn innanfor desse områda. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg utvikling på eit område som er i stadig endring.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Juridisk bistand i seksjonen sitt arbeid, bl.a. deltaking i og juridisk bistand ved tilsyn og oppfølging av føretak som yter betalingstenester og finansføretaka sin bruk av IKT generelt. 
  • Forvalting og utvikling av norsk regelverk når det gjeld bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) innan finanssektoren.
  • Bidra i forvalting og utvikling av norsk regelverk når det gjeld betalingstenester innan finanssektoren.
  • Samhandling med Finanstilsynets andre seksjonar og deltaking i arbeidet med konsesjonsbehandling på IKT- og betalingstenestefaglege område. Deltaking i arbeid med utgreiingar og svar på høyringar frå Finansdepartementet og andre myndigheitsorgan. 
  • Kontakt med utanlandske tilsynsmyndigheiter, særleg knytt til utanlandske føretak si verksemd i Noreg, eventuelt òg deltaking i arbeidsgrupper i europeiske tilsynsorganisasjonar.

Stillinga kan bli tillagd andre arbeidsoppgåver knytt til dette tilsynsområdet. 

Kvalifikasjonar

  • Cand.jur./master i rettsvitskap med gode resultat og med interesse for funksjonsmåten til finansmarknadene. 
  • God kunnskap om finansnæringa vil vere ein fordel. 
  • Noko relevant bransjeerfaring frå bank eller finansføretak, advokatkontor/konsulentverksemd eller offentleg forvalting.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, tek ansvar for eigne arbeidsprosessar og arbeider strukturert, målretta og nøyaktig. 
  • Du har gode analytiske ferdigheiter og god gjennomføringsevne. 
  • Du har gode samarbeidsevner og er komfortabel med teamarbeid. 

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna og motivert for stillinga.

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling i eit miljø med høg fagkompetanse. 
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse. 
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid. 
  • Treningsfasilitetar. 
  • Tiltreding og lønn etter avtale. Avhengig av kvalifikasjonar og erfaring kan det vere aktuelt å nytte ein av dei interne arbeidstitlane tilsynsrådgivar eller senior tilsynsrådgivar.

Anna:

  • Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste.
  • Søkarar må legge ved vitnemål og relevante attestar.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
  • Dei tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå www.finanstilsynet.no/om-finanstilsynet/etiske-retningslinjer/ 
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no 

Kontaktinformasjon

  • Olav Johannessen
    Seksjonssjef
    Telefon: 22 93 99 60