Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 280 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum.

Vi har to spennande juriststillingar på verdipapirområdet

Finanstilsynet søker to dyktige juristar (seniorrådgivar/spesialrådgivar) til seksjon for verdipapirføretak. Seksjonen har ansvaret for forvaltings- og tilsynsoppgåver som gjeld verdipapirføretak og verksemda deira i den norske marknaden.

Den ene stillinga er fast og skal i hovudsak arbeide med forvaltingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene vil i stor grad vere å behandle søknader om konsesjon og å følge opp forvaltingssaker som gjeld føretak under tilsyn og lovtolkingsspørsmål, og i tillegg  utgreiingsarbeid. For den rette kandidat kan det vere aktuelt å få fagansvar.

Den andre stillinga er eit vikariat for to år. Sentrale oppgåver i denne stillinga er å følge opp verdipapirføretaka, særleg gjennom stadlege tilsyn. Dette arbeidet omfattar å førebu og gjennomføre stadlege tilsyn, analysere innhenta dokumentasjon og utarbeide foreløpige rapportar og endelege merknader etter fullførte tilsyn.

Seksjonen har omfattande og spennande oppgåver med å følge opp nytt europeisk regelverk som nyleg blei gjennomførd i norsk rett. Du vil få unik innsikt i eit nytt, sentralt regelverk og vere med på å følge opp og handheve dette. Seksjonen har i dag 14 medarbeidarar med høg og variert kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Lovtolkingsspørsmål for nytt regelverk på verdipapirområdet
  • Behandle søknader om løyver og dispensasjonar
  • Følge opp andre forvaltingssaker som gjeld føretaka
  • Gjennomføre tilsyn
  • Utarbeide rapportar etter tilsyn med verdipapirføretaka

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen (master i rettsvitskap) med gode resultat 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Godt juridisk skjønn 
  • Det er ein fordel med noko erfaring frå verdipapirområdet og/eller europeisk regelverksstruktur

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert i ansvarsområdet til stillinga
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Systematisk tilnærming til arbeidsoppgåvene 
  • Initiativrik og evne til å behandle sakene effektivt i ein travel kvardag
  • Det blir lagd vekt på at du er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
  • Gode moglegheiter for eiga utvikling 
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse 
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid 
  • Gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida
  • Lønn etter avtale

Anna 

  • Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. 
  • Søkarar må legge ved vitnemål og relevante attestar for å bli vurderte for stillingane. 
  • Vi utfører bakgrunnssjekk på personane som blir tilsette i stillingane. 
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no

Kontakt

  • Seksjonssjef Gry Evensen Skallerud, 22 93 98 19
  • Tilsynsrådgivar Roy Halvorsen, 22 93 97 88