Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 280 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum.

Vi har to spennande stillingar som jurist innanfor verdipapirområdet

Finanstilsynet søker to dyktige juristar (førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar) til seksjon for verdipapirføretak. Seksjonen har ansvaret for forvaltings- og tilsynsoppgåver som gjeld verdipapirføretak og verksemda deira i den norske marknaden.

Seksjonen har omfattande og spennande oppgåver med å følge opp nytt europeisk regelverk som nyleg blei gjennomført i norsk rett. Arbeidsoppgåvene vil i stor grad vere å behandle søknader om konsesjon og å følge opp forvaltingssaker som gjeld føretak under tilsyn og lovtolkingsspørsmål. Du vil få ei unik innsikt i eit nytt, sentralt regelverk og vere med på å følge opp og handheve dette. På sikt vil det vere mogleg å delta i utgreiingsarbeid og på stadlege tilsyn. Seksjonen har i dag 14 medarbeidarar med høg og variert kompetanse.

Arbeidsoppgåver:

  • Lovtolkingsspørsmål for nytt regelverk på verdipapirområdet
  • Behandle søknader om løyver og dispensasjonar
  • Følge opp andre forvaltingssaker som gjeld føretaka

Kvalifikasjonar:

  • Juridisk embetseksamen (master i rettsvitskap) med gode resultat
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Godt juridisk skjønn
  • Det er ein fordel med noko erfaring frå verdipapirområdet og/eller europeisk regelverksstruktur, men det er ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg interessert i ansvarsområdet til stillinga
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Systematisk tilnærming til arbeidsoppgåvene
  • Det blir lagd vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr:

  • Spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
  • Gode moglegheiter for eiga utvikling
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Gode treningsfasilitetar og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Lønn etter avtale

Anna:

  • Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste.
  • Søkarar må legge ved vitnemål og attestar for å bli vurderte for stillinga. Nyutdanna må legge ved vitnemål frå vidaregåande skole og all høgare utdanning.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk på personane som blir tilsett i stillinga.
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no.

Kontakt:

  • Seksjonssjef Gry Evensen Skallerud22 93 98 19
  • Seniorrådgivar Brita Daae Hrenovica, 22 93 99 96