Vi søker jurist (vikariat)

Arbeidsgiver:
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Søknadsfrist:
2021-10-24

Lyst å jobbe med landets fremste ekspertar på pengespel? Vi har ledig eit årsvikariat.

Lotteritilsynet har ansvar for å regulere pengespelmarknaden i Noreg. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege spel og førebygge speleavhengigheit. 

Vi har mellom anna tilsyn med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ulovlege pengespel og pyramidespel. Hos oss har du brei tverrfagleg kompetanse, og du vil jobbe saman med både juristar, samfunnsvitarar og økonomar. Arbeidsplassen er i Førde, som ligg sentralt plassert i vakre Vestland, mellom fjord og fjell. 

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling 
  • tilsynsarbeid
  • veiledning av brukarane
  • regelverksarbeid
  • arbeid i prosjekt og andre oppgåver innanfor porteføljen til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitenskap    
  • erfaring frå saksbehandling og/eller tilsynsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • sjølvgåande
  • nysgjerrig og engasjert
  • samarbeider godt i ulike team
  • evne til å jobbe sjølvstendig

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • positive og engasjerte kollegaer med stor interesse for fagområda sine
  • gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine

Kontakt

  • Avdelingsdirektør Henrik Nordal, på epost eller telefon 99284309

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent av løna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen». Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.