Vil du bli dommar ved Haugaland og Sunnhordland tingrett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-10-06

Det blir ledig eit embete som dommar ved Haugaland og Sunnhordland tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.

Kontorstaden vil vere i Leirvik på Stord. Haugaland og Sunnhordland tingrett har i dag til saman 13 dømande årsverk og ei samla bemanning på 31,5 årsverk. Det må påregnast å gjere teneste på begge rettstadene i rettskrinsen.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 205 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Haugaland og Sunnhordland tingrett v/sorenskrivar Tine Odland, tlf. 52 70 14 61/00, mob. 95 77 24 36
  • Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
  • Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00

Meir informasjon finn du på www.domstol.no.

Dersom det kjem fram av søknaden din om du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. Offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no, samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.

Søknadsfrist 6. oktober 2021